Korleis påverkar koronakrisa jobben din?
Me tok ein prat med Trine Alme, landbrukssjef i Gloppen kommune.
LANDBRUKSSJEF I GLOPPEN KOMMUNE: Trine Alme.
- Koronasituasjonen har skapt endringar. Største skilnadane er at eg sit på heimekontor, fysiske møter har blitt til skype-møter og synfaringar har ikkje vore mogeleg å gjennomføre.
Det seier Trine Alme, landbrukssjef i Gloppen kommune. Ho fortel at det har vore fleire telefonar enn vanleg frå bøndene under koronakrisa.
- Mange er opptekne av korleis det blir med avløysarar frå andre land og sesongarbeidarar. Det har vore tema som fleire har teke opp.
Set pris på god informasjon
- Me har hatt god nytte av Bondelaget, NLR, TINE, Nortura og fruktlageret i denne spesielle tida.
Alme fortel at alle har kome med masse informasjon, og at at det har vore til stor hjelp.
- Sjølv om koronasituasjonen skapar endringar har eg klart å utføre jobben min avsluttar ho.