Motivasjon og engasjement er viktig, seier Frøydis. Når leiar har vore på møte og fått fagleg påfyll, kan det vere vanskeleg å motivere resten av styret. Det er derfor viktig å involvere alle og karlegge kva for ambisjonar dei enkelte i styret har. Første styremøte kan det vere greit å gå gjennom spørsmåla "Kva vil du med vervet ditt", "kva er mål for styrearbeidet" og "kva er forventingane til dei andre i styret?"

Det kan også vere greit å avtale i forkant kva som må til for å gjennomføre eit møte eller eit arrangement, og ha oppfølging og rapporteringspunkt undervegs. Den nye lokallagshandboka gir ei oversikt over arbeidet. Boka finn du i nettbutikken.

Frøydis oppmoda alle til å nytte "mitt lokallag" på nettsidene.
Du kan logge deg på og finne opplysningar om deg sjølv. Lokallagsleiar kan få oversikt over medlemer og skrive ut medlemslister og etiketter. Innlogginga finn du på bondelaget.no. Ta kontakt med fylkeskontoret dersom du treng hjelp.

Frøydis avslutta med å oppmode til verving. Send sms BONDE "namn" og "nummer" til 2030 dersom du har verva nokon, så vert dei kontakta av Norges Bondelag. Hordaland Bondelag er ikkje langt unna 3600 medlemer, der vi får ein ekstra utsending til årsmøtet i Norges Bondelag. Så stå på!

Vettet er jevnt fordelt i styret, sa Frøydis