LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

I dag er det verdensdagen for psykisk helse.

På nettverk for kvinnelege bønder på Facebook var det for nokre dagar sidan lagt ut eit godt spørsmål:

Kva prioriterer du i din kvardag for å ta vare på deg sjølv?

Eit spørsmål som er viktig for alle oss som er bønder, og som trefte meg midt i magen.

Vi har så travle kvardagar, mange av oss arbeidar både dobbelt og trippelt, og ofte svært lange dagar.

Råda for å førebygge psykisk uhelse er: Gode rutiner i kvardagen, nok søvn, nok sosial kontakt og fysisk aktivitet. Ei liste der vi raskt ser at bønder gjerne sliter med fleire av dei viktige punkta på lista.

Skal vi halde oss friske både fysisk og psykisk må vi ha fokus på den psykiske helsa, og prioritere. Finn plass til noko som gjer deg glad i kvardagen, sett av tid til å gjera det du likar best. Vi er ulike så det er uendeleg mange svar på dette viktige spørsmålet. Ta ein kaffekopp med ein god ven, gå på tur, strikke, lese, synge i kor, sjå ein god film, leike med ungane, bake med barnebarna, skru på gamle motorar, gå på kurs og lære noko nytt.

Det lettaste er å byrje med seg sjølv. Og om du har fokus på korleis dug har det sjølv både inni og utanpå, så er det faktisk lettare å sjå korleis dei rundt deg har det. Ikkje ver redd for å spørre om du tenkjer at nokon du kjenner har det tungt. Korleis har du det eigentleg, er og eit godt og viktig spørsmål. Ver raus, by gjerne på ein kopp kaffe, ta ein god prat. Ein god prat kan og vera nokre ord i fjøsdøra eller på tunet, i butikken, eller på telefon. Det handlar om å sjå kvarandre og ha eit ønskje om å dele og å støtte.

Eg er som alltid overbevist om at vi alltid er sterkare saman! Vi treng kvarandre, og det er så viktig å vera der for kvarandre.