Korleis få klimarådgjeving på garden?
Gode klimatiltak gir betre produksjon og lønnsemd. Det er bra for drifta og bra for miljøet. Både NLR og Tine har godkjende klimarådgjevarar, og du kan få tilskot til rådgjeving frå RMP-midlane.
Når jordbruket skal redusere klimagassutslepp, er rådgjeving eit viktig verktøy. Klimarådgjeving er difor eit viktig satsingsområde i Landbruket sin klimaplan. Dei fleste klimatiltak handlar om forbetring av drifta, som igjen kan føre til betre økonomi. Klimarådgjevarane set opp ein handlingsplan i samarbeid med bonden.
Rådgjeving
NLR Klima Førsteråd er rådgjeving med utgangspunkt i Klimakalkulatoren. Du kan bestille klimarådgjeving frå Norsk Landbruksrådgiving via eit kontaktskjema, eller via din rådgjevar.
Tine har også eit tilbod om førsteråd klima. Det er ein individuell gjennomgang av Klimakalkulatoren på garden. Tines rådgijeving innan fôring, avl, helse og økonomi set fokus på tiltak som bidrar til å redusere klimautslippa på garden. God drift er godt for klimaet.
Både Tine og NLR tilbyr grupperådgjeving.
Tilskot til klimarådgjeving
Du kan søkje om tilskot til utført rådgjeving gjennom Regionalt miljøprogram. Det skal utarbeidast tiltaksplan for kvart einskild føretak.
Rådgjevinga skal omfatte ein heilskapleg gjennomgang av klimagassutslepp, karbonbinding og behov for klimatilpassing i produksjonen for heile føretaket. Føretaket skal ha ein gjennomgang av alle produksjonane i føretaket, òg i dei tilfella der det er både husdyrproduksjon og planteproduksjon.
For å få tilskot til klimarådgeving må du ha ein rådgjevar som med godkjend rådgivingsopplegg. Når du søkjer om tilskot må du leggje ved bevis for betalt rådgjeving (faktura eller kvittering) og utfylt tiltaksplan. Her kan du sjå ein oversikt over godkjende klimarådgjevarar i ditt fylke.
Tilskotssatsar:
- Ein-til-ein rådgjeving – høg sats: kr 6000 per stk fullført klimarådgjeving (gjeld føretak med husdyrproduksjon)
- Ein-til-ein rådgjeving – låg stats: kr 4000 per stk fullført klimarådgjeving (gjeld føretak med berre planteproduksjon)
- Grupperådgjeving: kr 2000 per stk fullført klimarådgjeving (gjeld alle føretak)
Her finn du meir informasjon om korleis du søkjer om midlar i Regionalt miljøprogram.