Sogn og Fjordane Bondelag deler ut to billettar til Jølster Aurefest 2016. Arrangementet finn stad 11. juni i Jølster. 

 

Lik oss på Facebook

Billettane me deler ut, sikrar deltaking til fiskekonkurransen.

Om du ynskjer vinne billett til fiskefestivalen, må du legge att namnet ditt i kommentarfeltet for denne artikelen på Facebooksida vår. I tillegg må du like sida vår på Facebook, om du ikkje alt har gjort det.  Me trekk ein vinnar måndag 30.mai kl. 10.00.

Jølster Aurefest er ein fiskekonkurranse der ein langs heile Jølstravatnet freister å fange aure som er nærmast mogleg ei, førehands trekt, idealvekt. Vinnaren får ein ny bil.

 

Fiske og fest

Heimesida til Jølster Aurefest skriv at Jølstravatnet er Nord Europa sitt rikaste aurevatn og at mange turistar prøver fiskelukka kvart år. Det er også stort næringsfiske i vatnet, der noko av fisken vert foredla til rakaure og seldt i gourmetbutikkar i Norge. 

Jølster Aurefest startar fredag 10. juni med fiskekonkurranse for born, fisketips og underhaldning. Forutan sjølve fiskekonkurransen, byr aurefesten også på storslått feiring på Skei laurdag kveld, med mellom anna CC Cowboys på scenen.

 

 

For meir informasjon om sjølve arrangementet, klikk her