Under eit besøk i Norheimsund og Jondal i haust sa Storberget at han ville lære meir om fruktdyrking. Han ønska òg å sjå landskapet og smake på produkta frå Hardanger.

Ullensvang Hagerbrukslag organiserte turen, og styret i Hordaland Bondelag var representert. Storberget hadde med seg landbrukspolitisk utval i Hordaland Arbeiderparti. Heile tre ordførarar var med.  

Første stopp var hos fruktdyrkar Tomas Hesthamar som driv intensiv produksjon av moreller og eple. Politikarane dro så vidare til omvising på Hardanger Fjordfrukt i Utne. Under arbeidslunsjen på fruktlageret snakka dagleg leiar Leif Øie om forskjellige tema som fruktlagertilskot, marknad og merkevare Hardanger. Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, snakka om den nye konsesjonslova som er på høyring, og kva konsekvensane av den kan verte for fruktnæringa i Ullensvang.

Seinare på dagen var bratte frukthagar eit tema, med ein avstikkar til Trones. Siste post på programmet var garden til styremedlem i Hordaland Bondelag, Knut Byrkjenes Hauso. Også her gjekk diskusjonen om aktuelle tema.

Knut Storberget på Hesthamar

Knut Storberget og Tomas Hesthamar

 

Lars Bø, Knut Storberget, Knut B. Hauso, Steinar Langesæter på fruktlageret.

Knut Storberget plukkar plommer