Dette er den andre klimasamlingsa som bondelaget er med på å arrangere på Voss. Voss herad sto for lokale, utsending av invitasjon og eit innlegg om Vossaklima og husdyrproduksjon på Voss. Tine og NLR Vest stilte med klimarådgjevarane Jan Asle Torstad, Helena Elvatun og Leif Trygve Berge. I tillegg hadde Gunnlaug Røthe frå NLR Vest eit innlegg om karbonfangst i Vossajordbruket. Frå Bondelaget kom spydspissbonde Leif Arne Lirhus og snakka om kva som er vitsen med eigen klimakalkulator for landbruket og klimatiltak på eigen gard.
 
- Bøndene i Voss herad er mellom dei bøndene i landet som er lengst framme i klimaarbeidet, seier avtroppande klimakoordinator Frøydis Haugen.
 
Prosjektet KlimaVest tok initiativet til samlinga, og Frøydis var med for å hjelpe til. - Voss herad løyver 1000 kroner til kvar av sine bønder som loggar seg inn i klimakalkulatoren, seier Frøydis. - Nye tal viser at Voss no har flest innloggingar i klimakalkulatoren i heile landet! Ros til heradet for å stimulere til klimasmart landbruk i Voss.

Dei 30 vossabøndene fekk logga seg inn i klimakalkulatoren og laga klimahandlingsplan på gardsnivå. Dei fekk god hjelpe av klimarådgjevarane som gjekk gjennom klimakalkulatoren, snakka om klimatiltak og losa deltakarane gjennom klimahandlingsplan.

Samlinga var støtta av midlar frå Statsforvaltaren i Vestland.