Det vart to samlingar på same dag, ein om morgonen og ein om kvelden. På klimapraten klokka 9 opna Tony Barman frå Klimasmart Landbruk med litt informasjon om klimakalkulatoren og kvifor det er viktig å ta den i bruk. Eit viktig punkt er at det er landbruket som eig klimakalkulatoren og alle dataene. Det er viktig å vere tidleg ute før andre aktørar kjem med standardar som dei vil at produsentane skal følgje.

Plansje frå Klimasmart Landbruk

Klimarådgjevarane Helena Elvatun frå NLR Vest og Jan Asle Torstad frå Tine snakka om korleis ein kan bruke kalkulatoren som eit styringsverktøy. Bøndene gjer allerede mykje bra, så det er snakk om nokre agronomiske forbetringer som både gir betre drift og økonomi og lågare klimautslipp. Deltakarane stilte gode spørsmål til både Tony og klimarådgjevarane.

Helena Elvatun og Jan Asle Torstad

Ida Riis-Johansen frå Norges Bondelag hadde eit kort innlegg om Spydspissbønder som skal inspirere andre til å drive klimasmart.

På kveldsmøtet var det klimarådgjevarane som styrte møtet, men både Gry Ingvild Agjeld frå fylkesstyret og Frøydis Haugen frå prosjektet "Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket" var med og svarte på spørsmål. 

Det var fleire lokallagsleiarar med på samlinga, og Omvikdalen Bondelag var med digitalt frå bondekafé.

Bondekafé i Omvikdalen

Det er planlagt minst ein klimaprat til i vår.

Møtet vart støtta med midlar frå Statsforvaltaren.