Tradisjonelt har fylkeslaga hatt fysiske møte, men all usikkerheita kring korona gjer at vi i år held møta på TEAMS. Det vert derfor kompakte møte med tidsramme på ca 2 timar. Vi ønsker likevel at de som lokale tillitsvalte er aktive og gir innspel! Alle tillitsvalde i lokallaga er oppfordra til å delta.

Program

Program for møta vert ikkje endeleg bestemt før i fylkesstyremøte 20. januar, men grovskissa er:    

  1. Ny retning for norsk landbrukspolitikk, innleiing rep. frå Forhandlingsutvalet Norges Bondelag
  2. Korleis kan lokallaga påverke kommunale planar?
  3. Valnemnda orienterar
  4. Oppfølging av arbeidet med Klimaplan/klimakalkulator.
  5. Ymse 

Tid for møta

Møta er i år er sett saman av 2  valkrinsar for valnemndene, ein i nordfylket og ein i sør. Deltakarane er oppfordra til å melde seg på den dagen lokallaget har fått «tildelt», dette fordi valnemnda kan snakke meir målretta. Men høver ikkje tildelt tidspunkt så kan ein melde seg på ein annan dag.

Dato

Tid

Region

Måndag 24.01

20:00

(I) Sør-Ytre (Sunnhordland og (IV) Nordfjord

Onsdag 26.01

20:00

(VI) Sør-Midtre (Indre Hordaland og (V) Indre Sogn

Torsdag 27.01

09:00

(III) Ytre Sogn og Sunnfjord og (II)Resten av Hordaland

Torsdag 27.01

20:00

Oppsamling, Når ikkje andre datoar høver

I           Sør ytre: Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Austevoll, Bjørnafjorden, Kvam, Samnanger, Bergen, Askøy, Øygarden

II         Midtre: Fedje, Austrheim, Alver, Osterøy, Vaksdal, Masfjorden, Modalen

III        Ytre Sogn og Sunnfjord: Sunnfjord, del av Kinn (Flora), Fjaler, Askvoll, Høyanger, Hyllestad, Gulen og Solund

IV        Nordfjord: Bremanger, del av Kinn (Vågsøy), Stadt, Gloppen og Stryn.

V          Indre Sogn: Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik

VI        Sør indre: Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Voss

 

Dersom det vert få deltakarar på eit møte, kan det bli aktuelt at deltakarane vert overflytta til anna møte etter avtale.     

Meld deg på her: https://response.questback.com/norgesbondelagbondelagetsse/region

Lenke til oppkobling til møtet vert sendt ut etter påmeldingsfristen.