Torsdag 27. januar hadde Hanne Lisbeth Nybø sin siste arbeidsdag hos oss i Vestland Bondelag.   Tysdag 1. februar startar ho opp med spanande arbeidsoppgåver hos ny arbeidsgjevar.   Hanne Listbeth har vore vikar ved kontoret i Førde sidan i mai 2019.  Her kan du lese reportasjen der Hanne presenterte seg sjølv for organisasjonen i 2019.

Ei  av mange ulike oppgåver som ho har hatt ansvar for er å skildre bonden sin kvardag gjennom ulike nettsaker.  Reportasjen om bilturen på sørsida i hennar eigen heimkommune Høyanger:  Sommareventyr med ei ramme i bagasjerommet  og møtet med sauehaldarar som lei store tap av beitedyr  grunna ulv i beiteområda sine, står att som svært gode og sterke skildringar av kva det vil seie å drive landbruk i heile landet.  

F.v. Hanne Lisbeth Nybø, Merete Støfring, Marita Skeie og Reidun Solberg Seim frå Jeger og Fisk frå oppdrag på ein fin dag på Norsk Hjortesenter

Frå samling tilsette Vestland haust 2020. F.v. Merete Støfring, Birgitte Sunde Bjaanes, Lars Peter Taule, Geir Totland, maria Mkloufi Skjold og Hanne Lisbeth Nybø

Kom gjerne innom til lunsj

Med sitt gode humør, sin kreativitet, sin digitale kompetanse og ikkje minst og si gode forståing av bonden sin kvardag vert Hanne sterkt sakna som kollega av oss på kontoret og av mange tillitsvalde og medlemer.    Lukke til med nye spananade oppgåver Hanne Lisbeth Nybø, og kom gjerne nedover gata til ein lunsj når det passar seg slik.  

Avsluttar med eit bilete frå ein kjekke reportasjetur til Stryn i 2019 med mellom anna besøk på Folven gard i Oppstryn.