Laurdag 30. september vart den 28. værkåringa arrangert av Stavøy sauavlslag.

 

Stolte bønder frå nærområdet stilte med 45 værar av til saman 8 rasar. Rasane var Norsk kvit sau, Sjeviot, Kvit Spælsau, Farga spælsau, Gammelnorsk spælsau, Gammelnorsk sau, Suffolk, og Grå trøndersau.

 

Leiar i Norddalsfjord Bondelag, Jan Arve Midtbø.

 

37 værar vart kåra, og dei beste av kvar rase vart premierte med sløyfe.

 

I tillegg vart to vaksne værar premierte, derav ein 7 år gamal Suffolk vær på over 120 kg.

 

Det var over 50 besøkande til Høydalane Grendahus, der sauavlslaget serverte betasuppe, og kaker.