Karin Øverli Grøneng held fram som leiar
- Eg kunne nok tenkt meg noko større engasjement kring lokallagsarbeidet i laget vårt, seier Grøneng som tek til på eitt nytt år som leiar.i Førde Bondelag
Som eit stort Bondelag med god økonomi, har vi gode føresetnader for å kunne gjere eit godt arbeid, men då må vi få til eit større engasjement frå fleire av medlemene, gjerne i samarbeid med dei andre laga i Sunnfjord seier Grøneng.
Grøneng er oppteken av at den nye kommunen Sunnfjord prioriterer landbruk og næringsutvikling i landbruket. Kommunen må snarast råd få på plass ein tenesteleiar på landbruk. Med 577 søkjarar om produksjonstilskot vil Sunnfjord vere den klart største landbrukskommunen i Vestland. Dette må også syne att i kommuneadministrasjonen, var den tydeleg meldinga frå årsmøtet i Førde Bondelag. Landbruket treng dyktige medspelarar både i arbeidet med kommuneplanar og i arbeidet med utvikling av einskildbruka.
Karin Øverli Grøneng t.v. held fram som leiar i Førde Bondelag. Med seg i styret har ho Terje Hagen, Marion Herland, Øystein Holsen, Svein Erik Hafstad, Ole Andre Sønnervik og Jørgen Naustdal.