Det var tradisjon tru mandel i grauten med marsipangris som premie. Etter graut gjekk det med rikeleg med kaffi og julesnop! For å spissa programmet hadde vi i år føredrag frå studietur til Sveits.

Studietur til Sveits

Bøndene Svanhill og Lars Haugland hadde i 2015 vore med andre bønder frå Vestlandet på denne turen. Det var Tine som stod som arrangør. Guiden som opprinneleg kom frå Sveits bur no i Norge og kunne difor oversettja og forklara bøndene det meste.

I mange av områda dei besøkte minna det mykje om vårt land. Men drifta var for det meste basert på mindre einingar. Dei produserte utelukkande høy, og var opptekne av at mjølkeproduksjonen skulle vera basert på dette. Bruk av kraftfôr var hjå dei fleste minimal. Dei nytta alt areal.

Maskinparken var beskjeden og dei nytta fortsatt mykje handamakt for å utføra mange av arbeidsoppgåvene. Maskinene dei hadde var for det meste spesialmaskiner som kunne nyttast i bratta og var tilpassa deira bruk. 

Osteproduksjon og servering

Mange av bøndene foredla produkta sine og selde desse i ein liten butikk på garden eller i bygda der dei budde. Felles for alle var at dei produserte ost. Nokon hadde organisert seg slik at dei samarbeida om osteproduksjonen. Svanhill og Lars skildra godt korleis den strame lukta var inne på ostelagera. Osten låg til modning her i lang tid.

Fleire hadde og serveringslokale på garden. På den eine garden der turfylgje frå Vestlandet var på besøk, måtte dei gå inn i kufjøset og gjennom fôrbrettet for å koma til matserveringa. Men dette var ikkje noko problem då det var lita "fjøslukt" på grunn av fôringa med høy og at dyra gjekk inn og ut etter behov. Mange av desse bøndene livnærte seg på denne drifta. Dei driv allsidig og utnytta alle ressursar på garden.

Anbefalar studietur

Etter føredraget vart det litt diskusjon som dreia seg om drifta i Sveits, Norge og andre europeiske land. Svanhill og Lars opplevde at dei hadde godt utbytte av studieturen. - Dette er noko vi anbefalar andre å delta på dersom det vert arrangert liknande turar, avslutta dei to.

Tekst og bilete: Olav Hjetland Bringedal, medlem Uskedalen Bondelag

Lars og Svanhill Haugland med sønene Johannes og Øystein

Julegraut i Uskedalen Bondelag