Inviterer til Haustmarknad på Breim
- Dette vert rett og slett moro seier leiar i Breim Bondelag, Anders Felde i ein kommentar til at dei skal skipe til Haustmarknad på Fjordhestgarden laurdag den 20. oktober.
Marknaden tek til klokka 11 og i ridehallen vil du finne "fjøs" med kalvar, griser, sauer, geiter, høner, rev og kyr. Du vil kunne hoppe i høyet, det vert salsboder med: poteter, eple, egg og meire til. Ved stallen vert det riding og på grusbana framfor hovudscena vil det verte Traktortevling. Natursti med premie til alle og ulike stand vert det også. Breim Bygdekvinnelag stiller med både middag, kaffi og kaker så alt ligg til rette for ein flott haustmarknad held ein oppglødd lokallagsleiar fram
Karusell
Vi snakkar ikkje om noko tivi\oli, men mjølkekarusellen på garden til Sven Ove og Margunn Bjørkelo. Der vil det vere ope og mogleg for interesserte å kome og sjå denne dagen.
Kalvemønstring
Påmelding til anders.felde@breim.no . - Her håpar vi på mange påmelde, seier Felde som sjølv har sett heile familien i sving med å trene kalvar til utstillinga.
Traktortevling
Dette er tevlinga for alle dyktige traktorførarar, seier Felde. For første gang på fleire år satsar Breim Bondelag i år på ei traktortevling under Haustmarknaden. Tevling er delt inni tre øvingar der ein må delta på alle tre øvingane. Dei tre beste totalt i desse øvingane går vidare til ein FINALE der det blir kåra ein vinnar.
Vinnaren får ein tur til Agro Teknikk messa (sjå http://www.agroteknikk.no ). Reise, opphald og billettar til messa blir dekka (16-18 november) til ein person. Ansvarleg for gjennomføringa av tevling er Geir Thomas Myklebust mob.: 9519 1910 I tevlinga inngår det tre øvingar: Rygging på planke, vendegrind og sirkelkøyring.