Saman med resten av styret i fylkesbondelaget inviterer ho politikarar med på tur 6 ulike stader i fylket i august.  I innbydingsbrevet til politikarane heiter det mellom anna:

Bøndene i Vestland produserer i sum svært mykje mat. Maten vert produsert på meir enn 3000 gardsbruk som kvar for seg er ei verksemd med innsatsfaktorar inn, og råvarer ut frå garden. Med utgangspunkt i gardsbruka vert det også tilbydd ulike tenester som til dømes overnatting, snøbrøyting og tilrettelagt opplæring og dagtilbod for menneske med særskilde behov. Rammevilkåra for å kunne drive matproduksjon i Vestland vert til i eit samspel mellom Storting, regionale og lokale politikarar, offentleg forvaltning og marknad. Norsk landbruk er ei politisk næring som treng politisk handlekraft for å framleis kunne vere ei næring i heile landet.

Fylkeskommunen har ei viktig rolle som utviklingsaktør og forvaltar.

Vi vil særskild peike på følgjande saker som er viktige for landbruket i Vestland:

  • Påverknad i landbrukspolitikken gjennom innspel i førekant av Jordbruksforhandlingane. Gjennom innspelet synleggjer de viktige prioriteringar for å kunne utvikle matproduksjonen i Vestland i positiv retning
  • Næringsutvikling med sterkt fokus på heile landbruksnæringa i Vestland. Samarbeidet i Partnarskapen (Innovasjon Norge, Statsforvaltar og faglaga) med påfølgjande vedtak i fylkeskommunen sine politiske organ.
  • Landbruksnæringa er ei kompetansenæring i stadig endring. Å produsere mat stiller store krav til matprodusenten. Ein må kunne produsere på lag med biologi og naturressursar samstundes som den teknologiske utviklinga går i ekspressfart og klima endrar seg. Både tilbod i ordinær vidaregåande opplæring, vaksenagronomutdanning, vaksengartnar og løyvingane til kortare kurs og prosjekt som de i fylkeskommunen forvaltar på vegne av Staten er avgjerande for å sikre kompetanse og utvikling av næringa. Det er ikkje lenger slik at all kunnskap går i arv frå generasjon til generasjon.
  • Arealspørsmål, samferdsle og annan infrastruktur som grunnlag for næringsutøving. Gardsbruka ligg spreidd i heile Vestland. Trygge vegar som toler transport med store bilar, opne tunnelar, raskt internett og ferjer som går er avgjerande for næringa. Det er også viktig for å kunne sikre eigarskifte på gardane.
  • Det er for mykje hjort i Vestland og fylkeskommunen har ei rolle i å vere tilretteleggar, kunnskapsbyggar og rådgjevar overfor kommunane i spørsmål knytt til jaktbart vilt.
  • Beredskap i sin heilskap teiknar også å verte ein stadig viktigare del av det fylkeskommunale arbeidet i samarbeid med kommunar, Statsforvalter og innbyggjarane.

Vestland Bondelag inviterer politikarane med på temadagar med fokus på ulike deler av matproduksjonane i Vestland på desse stadane.  Du finn detaljerte program ved å klikke på temalenka for kvart arrangement. 

Dag og dato

Kl

Stad

Tema

Måndag 07.08

12:00

Syse Gard

Ulvik

Grøntnæring og utdanning

 

Fredag 11.08.

 

12:00

Slinde i Sogndal

Korleis auke verdiskapinga frå grøntnæringa i Vestland?

 

Måndag 14.08.

11:00

Kvinnherad

Mjølkeproduksjonen i Vestland : Berebjelke – beredskap - berekraft

Onsdag 16.08.

11:00

Sunndalen i Oppstryn

Korleis utvikle og styrke verdiskapinga frå småfehaldet i Vestland med utgangspunkt i ressursane i utmarka?

 

Onsdag

23.08.

18:00

Hetlebakkvegen 5, 5131 Nyborg

Korleis sikre areal til matproduksjon i bynære område?

 

Fredag 25.08.

11:00

Førde vgs på MO

Korleis utvikle og styrke verdiskapinga frå storfehaldet i Vestland?

 

 

- Vi oppmodar fylkessekretærane i partia om å kome med ei samla påmelding innan måndag den 17. juli 2023, seier fylkesleiar Gry Ingvild Agjeld.       Om det ikkje er mogleg kan sjølvsagt kvar og ein av dykk som er politikarar sende eigen påmelding.    Send påmelding på e-post til: vestland@bondelaget.no