LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Anders Felde.

 

- Målet med utvalet har vore at bonden i større grad skal kjenne seg att i tala som vert nytta som grunnlag under dei årlege jordbruksforhandlingane. Samtidig som vi får ein riktig måte å måle inntektsnivået til bøndene på.

Måndag 3.oktober leverte Inntekstutvalet for jordbruket sin rapport. Rapporten fortel korleis inntektene i jordbruket skal bli målt. Ekspertutvalet har vurdert grunnlag og forutsetningar for å samanlikne inntekta til bonden med løn for arbeidstakarar, og måtar å måle bonden si inntekt på.  

Felde har sett fram til rapporten, og skal framover lese grundig på konsekvensane av utvalet sine vurderingar og forslag.

- Eg ser at utvalet ikkje svarar ut våre faglege innspel om bonden sin økonomi. Ulik eigenkapital i ulike produksjonar gjer at avkastning av kapitalen vil kunne føre til ei omfordeling av midlane i jordbruksavtalen. Ei omfordeling som går i disfavør til mange av dei små bruka på Vestlandet. Eksempelvis bruka med relativt lågt kapitalbehov slik som frukt og sau.  

Felde legg til at eit eige avkastningskrav til kapitalen samtidig vil gje ei høgare ramme til fordeling i jordbruksoppgjeret.

 

Stortinget har slått fast at inntektsgapet mellom bonden og andre grupper i samfunnet skal tettast

- Uavhengig av rapporten jobbar vi for å få til ein forpliktande opptrappingsplan.

Felde forklarar at ein vil få stadfesta inntektsmålet om inntekt for alle bønder på nivå med lønnsmottakaren i Stortinget innan neste jordbruksoppgjer.

- Dette er varsla av Regjeringa. Stortinget har også bedt om det.

 

Avgjerande med inntektsmål for landbruket

Inntektsutvalet tykkjer det prinsipielt ikkje er mogeleg å samanlikne inntekta til bonden med inntekta til lønsmottakarar, sjølv om dei har eit forslag til modell.

- Utvalet foreslår ein hybridmodell for å kome fram til inntektsnivået blant norske bønder. Utgangspunktet skatterekneskapet og arbeidsforbruket ein finn i landbruksteljinga.

Felde utdjupar at ein så tek vekk ein del bruk. Utvalet har kalla dei «bønder som ikkje utnyttar inntektsmogelegheiten». Ein grupperer variasjonen i inntektsnivå og so diskuterer utvalet kva ein då skal ta utgangspunkt i. I tillegg til ein grupperer bønder ut frå kor godt økonomisk resultat dei har, og at modellen gjev anslag ut frå dette.

- Dette gjev ei sterk normering av inntektene, og vi er sterkt kritiske til at så mange bruk ikkje blir teke med. Mange har låge inntekter grunna store investeringar for å sikre framtidig matproduksjon. Det å utelukke desse frå inntektsberekninga blir feil, slår Felde fast. Det sikrar ikkje lønsemda i matproduksjonen med å ta utgangspunkt i dei bøndene som tener mest.

 

Arbeid og eigenkapital må skiljast  

Bondelaget har etterspurt eit grunnlagsmateriale for jordbruksforhandlingane som betre speglar bonden sin økonomiske situasjon.

- Vi treng inntekt på nivå med andre grupper. Då er det viktig med riktig talgrunnlag.

Sjølv om det vert gjort nokre positive grep, gjennstår noko av det viktigaste.

- Ein må skilje mellom bonden sitt arbeid og eigenkapitalen som vert skote inn, for å kunne samanlikne mot arbeidstakarar.

 

 

Det er venta at rapporten kjem på høyring om kort tid.