Innleiarane i møtet var henta inn frå Norges Bondelag, Nortura og Vestland Bondelag. Andre nestleiar i Norges Bondelag, Bodhild Fjelltveit, snakka om gangen i jordbruksforhandlingane og kva vi skal forhandle om i år. Ho la vekt på at det er viktig å påvieke frå innsida, ikkje bare på Facebook. Medlemsdemokratiet i Bondelaget er viktig, og Bodhild oppfordra alle lokallag til å sende inn høyringssvar før jordbruksforhandlingane. Bodhild er med i forhandlingsutvalet, og dei får alle innspela frå fylkeslaga.  - I år er det fleire fritekstfelt for eigne innspel, så det er bare å nytte høvet, sa Bodhild.

Plansjar frå Bodhild Fjelltveit sitt innlegg

Jan Erik Fløtre er konsernstyremedlem og nestleiar i Nortura. Han snakka om marknadsutvikling og utsikter for småfe. - Det viktigaste for Nortura er å løfte inntekta til husdyrbonden og styrke konklurransekrafte til norsk kjøtt og egg, sa Fløtre. Han oppfordra lokallaga til å vere tydlege på kva dei meiener er beste løysinga i sine innspel til jordbruksforhandlingane.

Plansjar frå Jan Erik Fløtre sitt innlegg

Andreas Wollnick Wiese er geitebonde og leiar i Luster Bondelag. Han snakka om utfordringar i geitenæringa og ga klare innspel til forhandlingane.

Plansjar frå Andreas Wollnick Wiese sitt innlegg.

Styremedlem i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld, er ein av fem medlemer i Produsentråd sau. Rådet vart oppretta etter eit vedtak i årsmøtet i Norges Bondelag i 2020. Gry Ingvild fortalte litt om rådet og korleis dei arbeider.

Plansje frå Gry Ingvild Agjeld sitt innlegg

Styremedlem i Vestland Bondelag, Ole Bjarne Hovland, snakka litt om rovdyr situasjonen i fylket vårt. - Vi skal fortsette med å settje trykk på det at beitedyr skal prioriterast i Vestland, sa Ole Bjarne.

Etter innlegga vart det opna for diskusjon, og innleiarane svarte både på smøpsmål som var sendt inn før møtet og spørsmål som kom undervegs.