I haust inviterte styret i Norges Bondelag til innspel om lausdriftskrav for storfe. Kravet trer i kraft  01.01.2024 og gjeld alle produksjonsformar. Kravet vil virke inn på fleire viktige mål for norsk landbruk og matproduksjon, og det er naudsynt å finne verkemiddel som opprettheld produksjonsfordelinga og sikrar strukturen.

Temaet vart diskutert på leiarmøtet i Hordaland Bondelag, og fleire av lokallaga hadde eigne møte der medlemene diskuterte løysingar. Fylkesstyret i Hordaland handsama  saka i november og sendte svar til Norges Bondelag.Illustrasjonsfoto frå Nord-Trøndelag Bondelag

Utdrag frå innspelet til Hordaland Bondelag:

Innføring av lausdrift i er ei ekstra stor utfording i Hordaland. Viktigaste årsak til dette er vestlandsnaturen med krevjande topografi, avgrensa jordveg og utfordrande klima. Mange bruk har ikkje høve til å auke produksjonen og framleis drive i samsvar med ressursgrunnlaget.

Hordaland er eit grasfylke med mange små bruk, og reduksjonen i tal driftseiningar går raskare her. Litt over 60% av mjølka vert produsert i båsfjøs. Dersom mjølkeproduksjonen skal vidareførast i lausdriftsfjøs, må det byggast kapasitet for nærare 50 mill liter mjølk. Det blir nær 310 nye fjøs med gjennomsnittskvote som i dag. (149.000 l). Det vil koste minst 650 mill kr.

For dei som har bygd nytt dei siste åra, har det vore naudsynt med produksjonsauke for å få driftsplanar som er  lønsamme nok til å utløyse tilskot hos Innovasjon Norge. Styret i Hordaland Bondelag er kritisk til om Innovasjon Norge legg tilstekkeleg vekt på kostnadane som fylgjer med produksjonsauken. Døme på dette er meir og lengre transport, auka import av fôr, vanskar med å oppfylle beite og luftekrav og kamp om dei beste areala.

Hordaland Bondelag meiner at næringa bør stå samla bak omlegginga til lausdrift. Det er likevel avgjerande at mangfaldet av bruk (storleik, distrikt, produksjonskombinasjonar) har grunnlag for økonomisk lønsemd etter ombygging. I første omgang krev det gode tilskottsordningar som er målretta mot dei små og mellomstore bruka.

Dersom Staten ikkje tilbyr tilstrekkeleg med midlar, må tidspunkt for innføring av lausdriftskravet fjernast. Ein kan likevel oppretthalde forbod mot nybygg av båsfjøs. Dette vil syte for ein meir økonomisk tilpassa omlegging.

Lausdriftsfjøs i Myrkdalen