Tradisjonen tru heldt Loen Bondelag årsmøte for medlemane i starten av november, etterfølgt av juletallerken og sosialt samvær. Årsmøtet fann stad på Loenvatn Feriesenter, og 28 medlemar fann vegen.

Årsmeldinga som vart lagt fram vitnar om ein jamn og god aktivitet. HMS-kurs, deltaking på møte i regi av fylkeslaget, videoframsyning for medlemane og ansvar for innsamlinga i Loen under TV-aksjonen var noko av aktiviteteten laget kunne vise til i arbeidsåret som har gått.

Framlegginga av rekneskapen synte og ein god kontinuitet i laget. Kassaboka til Loen Bondelag er den same som i 1947, men i år vart siste bladet i boka fylt ut, og det må investerast i ny.

Styret

 Knut Johan Tjugen har gjort ein innsats i styret i Loen Bondelag gjennom 10 år, først 7 år som kasserar og deretter 3 år som leiar. No ønskte han å gje stafettpinnen vidare. Ingvill Tronrud vart valt til ny leiar i laget. Ho har vore med i lokallagsstyret sidan 2011, som studieleiar og sekretær.Oddvin Auflem vart valt til ny studieleiar. I tillegg sit Erik Bødal, Ola Rake og Karl Erik Loen i styret.

Årsmøtet til Loen Bondelag takka Knut Tjugen for innsatsen, og det gledde den avtroppande leiaren å få lokalproduserte eple som gåve. Ingvill Tronrud er ny leiar av Loen Bondelag