Leiarmøtet drar i år på studietur til Romania. Erfaringa frå tidlegare turar viser at desse turane er viktige for å bygge fellesskap og nettverk, og gjer organisasjonen sterkare. Gode opplevingar samen gjer det lettare å arbeide i lag seinare. Det arbeidet de som tillitsvalde gjer for fellesskapen, er særs viktig for den framtidige landbruksnæringa. Turen er derfor også ein honnør for godt utført arbeid.

På programmet står mellom anna gardsbesøk og sightseeing, men det er også tid til vanlege leiarmøte-saker. Ein viktig post på programmet er Norges Bondelag sin Næringsstrategi, som skal fornyast neste år. Det vert lagt opp til diskusjonar om situasjonen for landbruket, framtidsplanlegging og viktige arbeidsmål for dei neste 4 åra. Styret kjem med fleire tema til programmet etter kvart, og det er lov å komme med innspel. Ta kontakt med fylkesstyremedlemene eller kontoret.

Turen startar i Bergen (Flesland) om morgonen 2. oktober, og vi kjem tilbake om kvelden 6. oktober. Det er leiar i lokallaget som deltar på leiarmøtet, men dersom ho/han ikkje har høve, er det fint om ein annan tillitsvald kan reise.

Hugs påmelding til kontoret innan 10. august!

Pris: Lokallaget betaler vanleg eigendel på 1500 kr, og deltakarane betaler sjølv ein eigendel på 2000 kr. Lokallaget kan gjerne dekke den private eigendelen som ein del av godtgjersla. Det er opp til kvart enkelt lokallag. Lokallaget vert fakturert, medan den private eigendelen skal betalast gjennom deltager.no innan 15. september. Meir informasjon kjem etter påmelding.