Høyring: Krav om lausdrift
Kva vert konsekvensen for mjølkeproduksjonen i Hordaland når kravet om lausdrift trer i kraft i 2024?
No har lokallaga sjansen til å svare på dette spørsmålet og gi innspel til Norges Bondelag. Bondelaget vil arbeide for å finne verkemiddel som kan oppretthalde produksjonsfordelinga i mjølkeproduksjonen og sikre ein struktur som gjer det mogeleg å nytte norske fôrressursar.
Kravet om lausdrift for storfe trer i kraft i 01.01.2024. Kravet gjeld alle produksjonsformar, ikkje bare mjølkeproduksjon. Styret i Norges Bondelag ser at lausdriftskravet vil virke inn på fleire viktige mål for norsk landbruk og matproduksjon. Dei har bedt sekretariatet i Norges Bondelag gå igjennom konsekvensane av lausdriftkravet og gi innspel på mogelege løysingar.
Lokallaga våre har fått eit høyringsnotat om saka, og melder tilbake til fylkeslaget i desse dagar. Fleire av lokallaga har hatt gruppearbeid og felles møte. Lausdriftskravet vart også diskutert i grupper under leiarmøtet.
Fylkesstyret i Hordaland vil sjå på høyringssvara frå lokallaga og sende eit samla svar til Norges Bondelag i november.
Høyringssaker er ein viktig del av arbeidet i Norges Bondelag. Nokre høyringar svarar styret i Norges Bondelag på sjølv, medan andre sendast til lokallaga og/eller fylkeslaga.
Saka vert handsama av styret i Hordaland Bondelag 6. november, og i Norges Bondelag 8. desember.