Årsmøte i Flora Bondelag fann stad på Havglytt. Leiar Leidulv ynskte velkomen, og vart vald til møteleiar. Laget har hatt to fysiske styremøter og tre digitale.  I tillegg har dei hatt fortløpande kontakt gjennom året.

Styret har mellom anna sendt forhandlingsinnspel til fylkeslaget. Leiar var på leiarmøte i Bergen. I tillegg stilte han på årsmøte til Vestland Bondelag i Førde.

Saman med to andre Bondelag, arrangerte dei ein triveleg fest i Eikefjord. Eikefjord Bondelag hadde ansvaret i år, til neste år er det Flora Bondelag sin tur.

Laget planla å arrangere Open Gard i år, det vart utsett til 2024.

 

Val

 

Leiar : Leidulv B.Stavø

Nestleiar: Ove Kjetil Færøyvik

Kasserar: Andre Espeset

Sekretær: Øyvind Mjønerud 

Styremedlem: Torgunn Elisabeth Eikevik

1.vara : Hjørdis Svortevik

2.vara :Roger Matsen

 

I Valnemda vart Herborg R.Melver, Anita Sæter og Halvar Espeseth valde inn.