LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Eg forventar at Regjeringa styrker tollvernet, seier Agjeld.

På fredag legg Regjeringa fram forslag til Statsbudsjett, og leiaren i Vestland Bondelag har høge forventningar til det som kjem.

- Det er importvernet som gjer det mogeleg å produsere den maten vi kan produsere i Norge. Det er heilt avgjerande for eit landbruk over heile landet. Difor må importvernet styrkast, det bidreg til å sikre forbrukar godt utval av norsk mat i butikk.

 

Største landbaserte industrien i Noreg

- Landbruket har ei omsetning på 160 milliardar kroner årleg, fortel Agjeld.

Det er rundt 80.000 arbeidsplassar fordelt over heile landet som er knytt til den landbaserte matproduksjonen.

- Det er eit samfunnsansvar å oppretthalde produksjon og bruk av våre eigne jordresursar. Matproduksjonen er det viktigaste vi har, utdjupar ho.

 

Meiner at handlingsrommet må nyttast

- Gjennom WTO-avtalen frå 1994 har Norge rett til å veksle mellom krone- og prosenttoll. Alt etter kva som gjer best beskyttelse.

Agjeld forklarar at tollvernet gradvis har blitt svekka, då tollen ikkje har blitt oppjustert i høve til inflasjon eller auka differanse mellom norske og utanlandske produkt.

- Handlingsrommet Norge har er å veksle mellom krone- og prosenttoll.  Det er avgjerande med ein meir fleksibel bruk av tollvernet for jordbruksprodukt. Vi må sikre eit godt importvern.

 

Håpar tollen vert styrka

- Det er viktig å vere klar over at styrka toll og auken i matprisen ikkje heng saman.

Agjeld forklarar at dei importerte matvarene har auka meir i pris enn dei norskproduserte, sjølv om dei tollfrie varene fyller opp 70% av handlekorga i butikken.

- Når vi håpar Regjeringa styrkar tollen er det ikkje fordi vi tenkjer matprisen er for låg, men for å sikre matberedskapen i eige land.