Haustmarknad i Lærdal
No er det klart for den tradisjonelle haustmarknaden i Lærdal, som i år freistar med både mat og moro.
- Eg håpar det vert minst like kjekt i år som i fjor, seier Jon Tamnes i Lærdalsmarknaden.
Han fortel at ein vil finne rundt 40-50 ulike typar frukt og grønsaker i år. I tillegg er det meste lokalt.
- Dette er ein marknad som høver for alle som er glad i mat. Vidare kan ein gjere ein god handel her. Me har sjølvsagt andre ting enn mat også, mellom anna klede og sportsutstyr.
Sosialt
- På Lærdalsmarknaden kan ein treffe mange, det er ein fin stad å vera.
Ifylgje Tamnes byr også Lærdalsmarknaden på konkurransar.
- I år har me for eksempel ein syltetøykonkurranse. Fristen for å melde seg på har endå ikkje gått ut, så her er det berre å vera med.
Håpar folk tek turen
- I år vil det vera 40-50 stands, så eg håpar folk kjem.
Kvifor skal folk ta turen?
- For å handle produkt, hamstre litt og oppleve folkelivet i vakre Lærdal.
For meir informasjon om haustmarknaden i Lærdal, klikk her.
Bileta har me fått løyve til å bruke av Lærdalsmarknaden