Harald Ålen ny leiar i Stongfjorden
- Eg har fleire år bak meg i styret og har erfaring frå leiarvervet før så dette kan sikkert gå bra, seier nyvald leiar i Stongfjorden Bondelag Harald Ålen.
Ålen tek over leiarvervet etter Karl Andre Gjelsvik som har vore leiar i 5 år. Ålen var sjølv leiar før Gjelsvik tok over så her byter dei to aktive bøndene på vervet.
Harald Ålen t.v. tek attende leiarvervet i Stongfjorden Bondelag frå Karl Andrè Gjelsvik t.h.
Klokka lyg ikkje da vert gjerne seine kvelden før lokallagsårsmøta tek kvelden. Harald Ålen har med seg Rune Gjelsvik, Jakob Øyren, og Tormod Selvik i styret. Sonja Karin Molvik Øglend er 1. vara til styret
Stongfjorden har tradisjon for å invitere fagpersonell, som arbeider med husdyrhald, til å ha innleiingar sine årsmøtet. Dette året var det den lokale veterinæren som var til stades og orienterte om smittevern. Tor Arne Herstad representerte fylkeslaget i møtet. Han orienterte om aktuelle saker som Norges Bondelag arbeider med.