Har aldri angra på at ho vart bonde
Marit Flatjord tykkjer ho har verdas beste jobb.
- Kvar dag produserer me rundt 1200 liter mjølk fortel Marit Flatjord.
Ho er nestleiar i fylkesstyre til Sogn og Fjordane Bondelag og bonde i Stardalen. Fram til 2007 dreiv ho garden åleine, medan dei siste åra har ho vore i samdrift med 4 andre eigarar.
- Sogn og Fjordane treng bøndene. Me treng alle mat, kvifor skal me produsere andre stader når me kan ordne det her? Sjølvsagt er det billigare å importere, men det heng saman med lønningane her i landet. Vidare meiner eg det er rett å desentralisere, eg trur det er ein fordel med tanke på smitte og sjukdommar hjå dyra.
Bonde sidan 1992
- Eg tok over garden i 1992 og det heile starta med nyttårsorkanen. Det er det eg vil kalle ein pangstart.
Flatjord sit heime på kjøkkenet sitt og ser attende på åra som har gått.
- Medan eg gjekk på gymnaset fann eg ut at eg ville bu heime og drive garden. Det har eg aldri angra på.
Kva er det som motiverar deg til å drive med landbruk?
- Å sjå dyr som har det bra, at dei er friske og at dei yter. Når eg ser det, får eg motivasjon.
Framtida
- Det er ikkje mogeleg å spå framtida, men eg trur dessverre at fleire vil avvikle gardsdrifta. Samtidig trur eg at andre vel å verkeleg satse.
Flatjord smiler og ser ned i kaffikoppen sin.
- Nei, eg veit verkeleg ikkje. Det er som sagt uråd å spå framatida og kva som vil skje i åra framover.
Korleis vil du kjempe for å behlade landbruket i Sogn og Fjordane?
- Eg skal kjempe det eg klarar. Matproduksjon er noko av det viktigaste me har her i landet og eg meinar me bør vera så sjølvforsynte som råd.