Gulen og Masfjorden Bondelag er stifta
- Ja, då er Brekke Bondelag og Eidsbotn Bondelag historie og eg har teke på meg det spanande vervet som den første leiaren i Gulen og Masfjorden Bondelag, seier Erling Nesse
Dette er ei sak vi har jobba med ei tid. - Det er ofte slik at når vi skal endre lagsstruktur så kan det vere godt å tenke seg om og la saka modne ei stund, seier Nesse.
Den første leiaren i Gulen og Masfjorden Bondelag; Erling Nesse
No vert det opp til oss som er tillitsvalde i det nye styret å klare å planlegge og gjennomføre aktivitetar som medlemene kan tykkje er nyttige. I fusjonsmøtet vart nemnd faglege kurs av ulikt slag og tilskipingar der det sosiale er det viktigaste. Å skipe til sommarfest eller slåttegraut vart nemnd som døme på aktivitetar. Tal bønder minkar så det er kjekt å kunne klare å lage nokon arenaer der vi kan møtast lokalt i kommunen.
Gulen og Masfjorden Bondelag har 87 medlemer og følgjande personar er valde til å sitje i det første styret:
- Leiar: Erling Nesse
- Styremedlemer: Knut Audun Areklett, Arve Wergeland, Jan Ivar Kjelby og Jon Ove Ness
- 1. vara: Bjarte Nordanger medan Sjur Haugland er 2. vara