Gjev rom for å finne praktisk gjennomførbare løysingar
- Flest mogleg dyr skal ut på beite, men ein landbrukspolitikk som styrer mot stadig større einingar i kombinasjon med den teknologiske utviklinga gjer dette til ei utfordring for dyr som er i produksjon i sommarhalvåret. - Det er bra at Landbruks- og Matdepartementet opnar opp for å kome fram til gode løysingar som vil vere praktisk gjennomførbare for å kunne tilfredsstille mosjonskravet for storfe, seier fylkesleiar Per Hilleren.
Mosjonskravet for storfe i løsdriftsfjøs er i følge LMD utsatt til 2014. Deretter vil det vere like reglar for storfe i lausdrift som for storfe i båsfjøs. For nokon lausdriftsfjøs kan det vere ei utfordring å sleppe dyra på beite. Utsettelsen av kravet skal nyttast til å finne gode løysingar for desse fjøsa.