Gardsbesøk på Hovland Gard
Rundt 60 personar besøkte Hovland Gard i går. Dei frammøtte fekk både klappa lam, og mate kopplamma.
15.mai fekk Hovland Gard i Årdal kommune storfint besøk av treåringar frå Årdal Sokn. Arrangørar var Øvre og Nedre sokneråd.
18 treåringar med foreldre kom. På programmet sto fårefest i Vikadalen Ungdomshus, der dei fortalte historia om det bortkomne lammet.
Etterpå gjekk turen opp til Hovland Gard der alle fekk klappa lam og ta del i foring av kopplamma.
Ein vellukka kveld
Dei frammøtte fekk også ein liten orientering om gardsdrifta, og kor viktig de er å opprethalda norsk matproduksjon.
Alle let vel, og humøret var på topp denne fine vårkvelden.
Tekst og bilder: Ole Bjarne Hovland.