Garden som arena for velferdstenester
Madeleine S. Sunde har skrive masteroppgåve om arbeidsretta tilbod på gard. Tilrettelagt arbeid er ein del av Inn på tunet.
Madeleine S. Sunde har intervjua personar med psykiske helseutfordringar om deira erfaringar med Grønt arbeid. Målet med grønt arbeid er å bidra til arbeidsinkludering for personar med psykiske helseutfordringar.
I sammandraget skriv ho "Analysen viser at grønt arbeid har ei rekkje positive verknader for medarbeidarane, som til saman seier noko om ei utvikling av livskvalitet og trivsel. Gjennom temaa helsefremjing, samhandling og arbeid med dyr, det sosiale arbeidsfellesskapet og garden som ein arbeidsplass viser empirien at grønt arbeid har ei positiv innverknad på subjektiv helse og framtidsvisjonar, gjennom rammene av natur, gardsarbeid og samhandling med dyr og menneske".
Les masteroppgåva her: Garden som arena for velferdstenester, av Madeleine S. Sunde.