Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane står støtt på beiteprioriteten
- Det er viktig at eit samrøystes fylkesutval i Sogn og Fjordane står støtt på vedteken rovviltpolitikk, seier fylkesleiar Anders Felde. Fylkesleiaren er skuffa over at eit fleirtal i fylkestinget i Hordaland ikkje gjer det.
- Å tillate ynglingar av gaupe og jerv i Hordaland vil vere hinsides all fornuft i høve beitenæringa, held Felde fram. Heile Vestlandet skal ha beiteprioritet. Det er vedteke i Stortinget. Utfordringane knytt til jerv er store for indre Sogn allereie no, og ein er heilt avhengig av årlege uttak av jerv for å kunne oppretthalde bruken av utmarka til beiting. Skal ein legge til rette for yngling av gaupe i Hordaland vil det også påverke beitenæringa i heile region 1. Det er rett og slett uakseptabelt, seier ein svært tydeleg fylkesleiar.
Oppmodinga om å reetablere gaupa i Hordaland vart gjort i møte i fylkestinget den 13. juni etter forslag frå partiet Venstre. I møtet fekk vedtaket støtte frå Ap, MDG, SV, R og V medan Frp, H, Krf og Sp røysta imot. Vedtaket er i strid med rovviltforliket som vart inngått på Stortinget. I det forliket er ein tydeleg på at på Vestlandet skal beitedyra ha prioritet framom rovviltet.
Her kan du sjå vedtaket som er gjort i Hordaland Fylkesting: Sak PS/33 Ymse (Midt på side 3 og utover)
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane står støtt
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane drøfta, med bakgrunn i vedtak i fylkestinget i Hordaland, rovviltpolitikken. Fylkesutvalet står støtt på gjeldande rovviltpolitikk og gjorde følgjande samrøystes vedtak den 20. juni:
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane syner til brev frå rovviltnemnda i region 1 og til vedtak i Hordaland fylkesting der fylkestinget ynskjer etablering av gaupe i Hordaland. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane støttar ikkje dette vedtaket. Etablering av gaupe i Hordaland vil og ha konsekvensar for Sogn og Fjordane som ikkje er akseptable. Det er allereie eit problem med jerv i beiteområda, og auka gaupebestand i nærliggande områder vil gje auka tap av beitedyr til rovvilt. Fylkesutvalet syner til at Stortinget har vedteke at i region 1 så skal beitedyr ha prioritet, og krev at denne statusen vert oppretthaldt.