Det er mykje ein skal tenkje på når ein skal ha eit generasjonsskifte på garden. Advokat Jan Bangen frå Norges bondelag tok deltakarane gjennom mange av dei elementa ein møter på og bør tenkje igjennom undervegs i prosessen. Han krydra stoffet med mange gode historiar frå verkelegheita.

Det å overlate ein landbrukseigendom til neste generasjon er ein modningsprosess. Kven skal overta, kva rettigheitar har ein som ektefelle/sambuar, andre arvingar, odelsrett, kåravtalar, skattemessige forhold og pensjon er berre noko av temaene deltakarane var innom på kurset. 

Bodskapen frå Bangen var at det er viktig med ein open prosess der famlien føler seg inkludert i prosessen for å kunne unngå strid etter overdraging. Førebuingar i forkant, og at ein har tenkt og diskutert korleis ein ynkjer kvardagen etter eigeskifte er viktige. Det var fleire av deltakarane på kurset som kom frå same famile, men i ulik generasjon. Det er ein fordel at fleire frå same familie deltek. Ein kan på denne måten få ein felles inngang i eigarskifte med lik kunnskap men kanskje med ulik vinkling inn i generasjonsskiftet. 

Det vert jobba med å setje opp nye kurs innan eigarskifte haust/vinter 23/24.