Framtidstankar om mjølk og foredling
Har mjølka vår potensiale til å verte delikatessar som marknaden etterspør? Bli med på eit spennande seminar i Gloppen 23. oktober.
Fylkesmannen si Landbruksavdeling, Innovasjon Norge og Kompetansenavet står bak seminaret der framtidstankar om mjølkeforedling i Sogn og Fjordane har fokus. I marknaden er det etterspørsel etter produkt som har karakter og smak, og det vert importert store mengder spesialostar. Korleis kan ein kome i gong med foredling av mjølk? Kva kompetanse krev det, og korleis går det med dei som alt har starta? Kva for produkt er det interesse for? Meir om dette får du vite om du deltek på kurset "Framtidstankar om mjølkeforedling i Sogn og Fjordane". Kurset er 23. oktober, og startar med eit besøk på Meierianlegget på Byrkjelo. Utover dagen er det fleire spennande besøk i området. Program og informasjon om påmelding finn du her.