Politikarane som møtte opp på Meieriplassen på Voss fekk spørsmål om korleis deira parti ser på utfordringane med vegnettet i Vestland. Avgrensingar knytt til vekt og lengde etter veglista fører til store økonomiske og praktiske utfordringar for næringslivet. Korleis kan vi fjerne dei mest utfordrande flaskehalsane raskare enn kva som er mogleg innan dagens kommuneøkonomi?

Problema vart demonstrert av transportørane, som forklarte korleis dei må løyse utfordringane. Døme på transportørar er tømmerbil med hengar, mjølkebil med hengar, Felleskjøpetbil med hengar og dyretransport.

Ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøb innleia om vegane i heradet, og Jan Ivar Rødland frå AT Skog snakka om samfunnsøkonomisk nytte av å fjerne flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar. Lars Bø frå fylkesstyret representerte Vestland Bondelag.

Frå partia møtte Iril Schau Johansen (H), Jan Ivar Rødland (AT Skog), Boris Groth (FrP), Øystein Ormåsen (MDG), Per Jarle Kosior Valvatne (AP), Nils T. Bjørke (SP), Stein Ove Hansen (FNB), Terje Kolbotn (Raudt), Marte Hammer (SV), Eigil Knutsen (AP) og Jannicke Clarke (Ap).

Alle politikarane fekk ei brosjyre med Landbruksløftet. Her er orgsjef i Vestland Bondelag Lars Peter Taule med Iril Schau Johansen frå Høgre. Øystein Ormåsen og Per Jarle Kosior Valvatne bak i bildet.

Eigil Knutsen frå Arbeiderpartiet

Øystein Ormåsen frå MDG og Nils T. Bjørke frå Senterpartiet

Terje Kolbotn frå Raudt