STYRET I BIOGASSFORUM SA: Kjell Paulen, Anders Felde, Runar Ryssdal og Carl Willhelm Hage. Styremedlem Pål Befring var ikkje til stades då bilete vart teke.

 

33 bønder frå Jølster, Gloppen og Stryn står som skiparar av samvirkeselskapet. Selskapet er opent for alle som har tenkt å levere husdyrgjødsel til eit framtidig biogassanlegg på Byrkjelo, eller som har tenkt å ta imot bioresten frå biogassanlegget.

Kvart medlem i samvirkeselskapet betalar inn ein andelskapital på kr. 3 000,-.  Det er eit mål for styret at fleire bønder skal bli medlem i selskapet den næraste framtida. Pr i dag rekrutterer selskapet medlemmer frå Jølster, Sandane, Breim, Innvik og Utvik.

Det vil kunne vere aktuelt å opne for at bønder som ligg lenger vekke også vil kunne vere medlem i selskapet og levere husdyrgjødsel til eit biogassanlegg, men pr i dag er dette ikkje avklart.

 

Litt om selskapet

Selskapet skal jobbe for at bonden som produserer husdyrgjødsel, som eit framtidig biogassanlegg skal nytte, også sit igjen med deler av den økonomiske verdiskapinga ved biogassanlegget. Selskapet skal samtidig bidra til at det blir etablert eit biogassanlegg i området og ein skal bidra til at det blir godt samarbeid mellom bonden og eigarselskapet.

Styret i selskapet skal også utrede korleis,  og om, det er aktuelt for bøndene i området å ta ein «større del» av eigarskapet i sjølve biogassanlegget. Dette vil evt. ikkje skje gjennom Fjordane Biogassforum SA.

 

Eit kinderegg

Prosjektet som jobbar med etablering av biogassanlegg på Byrkjelo blir no dreve fram av SFE (Sogn og Fjordane Energiverk). Leiar i prosjektgruppa er Arild Bruland. Biogassanlegget er tenkt laga so stort at det skal kunne produsere biodrivstoff, men kva som til slutt blir realisert er ikkje avklart so tidleg i prosessen. Det ligg i planane at ein ynskjer å nytte store mengder husdyrgjødsel, matavfall frå Nordfjord og Sunnfjord og noko fiskeslam for å produsere energi i biogassanlegget. Etter at ein har mixa saman desse ingrediensane og produsert gass sit ein igjen med ein biorest. Denne bioresten brukar bonden i staden for husdyrgjødsla for å få det til å vekse og gro kring seg. Eit slikt biogassanlegg vil kunne vere som eit «kinderegg» for samfunnet: 1. Vil auke verdiskapinga i området 2.Produsere grøn energi / grønt drivstoff 3. Redusere utsleppa frå matproduksjon og transport.

 

 

Skipingsmøte valde følgjande styre av Fjordane Biogassforum SA:

Anders Felde (Byrkjelo), leiar

Carl Willhelm Hage (Utvik), styremedlem

Kjell Paulen (Byrkjelo), styremedlem

Pål Befring (Stardalen i Jølster), styremedlem

Runar Ryssdal (Sandane), styremedlem.