Fagdager om gardsvarmeanlegg
Vil du finne ut meir om moglegheitene for ved- eller flisfyringsanlegg på garden din? Hordaland Bondelag og CH4 inviterer til fagdag for gardbrukarar og andre interesserte på Stord 20.10 og på Voss 22.10.
På fagdagen får du innføring i gardsvarmeanlegg, råstoff, økonomi og Innovasjon Norge sine støtteordningar. Det vert også innlegg om landbruksbygg i tre og omvising på flisfyringsanlegg hos Jakob Bjelland og Lars Selheim. Hege Aase Tysnes og Peder Nernæs har korte innlegg om landbruk og klima.
Deltakaravgifta er 500 kr. Påmelding innan 12. oktober til karl.ludvig@ch4.no.
Her kan du sjå programmet for fagdagane: