Ein vellukka dag
Nøgde arrangørar etter Open Gard på Mo.
- Eg meinar dagen var veldig vellukka, seier Merete Helgheim.
Ho er styremedlem i Jølster Bondelag og var med på å arrangere dagen. I år hadde dei, saman med Gaular Bondelag og Bygdekvinnelaga i Jølster, ansvaret for arrangementet.
- Dagen på Mo er viktig. Eg trur det er mange ungar som ikkje har kontakt med dyr dagleg, så då er det fint at dei kan kome her å sjå på mellom anna høner, kaniner og sauer.
Korleis er det å vera med på å arrangere Open gard?
- Det er kjekt, spesielt når så mange tek turen.
- Kjekt å sjå at folk kosar seg
- Eg har selt kotelettar i dag, og her har det vore folk heile tida.
Hildegunn Huus er med i Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag. Ho meiner det er viktig å syne fram Bygdekvinnelaga, fordi dei gjere ein god jobb. Vidare meiner ho det er bra reklame for Bygdekvinnelaga å vera med på å arrangere dagar som dette.
- Det er mykje arbeid å lage til ein slik dag, men når me fyrst er i gang, er det veldig moro.
Kva er det som gjere det moro?
- Å prate med mennesker og sjå at folk kosar seg med både dyr og norsk mat.