-Eg har lært mykje
Landbruksminister Jon Georg Dale sit att med ny kunnskap etter besøket i Sogn og Fjordane.
- Dagen har vore heilt fantastisk. Eg syns det er kjekt å kome ut og møte dei som driv med jordbruk. Det lærer eg meir av, enn å lese papir på kontoret i Oslo. Det har denne dagen vore eit godt bevis på.
Det fortel landbruksminister Jon Georg Dale. Han vitja Sogn og Fjordane tysdag 24.mai. I løpet av dagen var han på synfaring på Eikefjord tømmerkai og to gardsbesøk i Naustdal og Askrova.
- I dag har eg sett mange av utfordringane folk har, innan skogbruk og jordbruk. Spesielt imponerande var det å sjå jordbruket på øya Askrova. Det er ikkje berre enkelt å drive der. Eg tykkjer det syner noko av det beste med norsk matproduksjon, me nyttar alt arealet.
Kva har du lært i dag?
- Eg har lært om grunnane som ligg bak, for at folk satsar og investerer seg opp. Det er inspirerande å sjå.
Vil ha meir til investering
- Eg sa til ministeren at me treng auka budsjettmidlar på dei små bruka, både på mjølk og på sau. Vidare forsøkte eg å fokusere på investeringsverkemiddel både for små og mellomstore bruk. Investeringspotten må aukast.
Det seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. I år var landbruket sin investeringspott brukt opp alt etter to månader. Ifylgje Felde fekk han ikkje ståande applaus for forslaga sine, men han håpar på det beste.
- Eg tykkjer det er positivt at eg fekk prate direkte til han. Dale ser verdien av eit landbruk over heile landet, sånn sett har han fått med seg noko viktig.
- Dette gjekk jo veldig bra
- No har eg fortalt litt om drifta og synt fram fjøsen, fortel Andrè Espeseth.
Han driv sauebruk på Askrova, i samarbeid med foreldra Anne Berit og Halvar Espeseth. Driftsbyggningen har plass til 240-250 vinterfora sau. For at dei skal få nok mat, må Espesth slå og hente gras i Bremanger. Dette gjorde inntrykk på fleire av dei frammøtte.
- Eg fekk god respons på det eg fortalte, det motiverar.
Korleis var det å ha besøk av landbruksministeren?
- Det er klart det var stor stas.
Fleire bilete frå dagen, kan de sjå her.