LEIAR I VESTLAND BONDELAG: Gry Ingvild Agjeld.

 

- Regjeringa syner ikkje vilje til å gjere endringar i importvernet som monnar, det fortel Gry Ingvild Agjeld.

Leiaren i Vestland Bondelag er skuffa.

- Eg forventa at tollvernet skulle styrkast. På mange jordbruksvarer har importen nådd eit så høgt nivå at det legg press på norsk matproduksjon. Eg håpar Stortinget krev at Regjeringa tek naudsynte grep for å styrke tollvernet, slik det vert mogeleg å auke norsk sjølvforsyning.

Agjeld utdjupar at eit velfungerande importvern er heilt avgjerande for å styrke norsk matproduksjon.

- Korleis skal Regjeringa nå eigne mål om auka sjølvforsyning, når dei ikkje fylgjer opp Stortinget sitt vedtak om å nytte handlingsrommet i tollvernet? Eg skjønar det ikkje. Det handlar om matsikkerheit og beredskap. Det er det viktigaste eit land kan ha.

 

Ein dråpe i havet

- Eg registrerer at det går frå kronetoll til prosenttoll på isbergsalat, kålrot, raudbetar og knollselleri.

Ho meiner det er bra for produkta og produsentane det gjeld. Likevel monnar det lite, då store volumprodukt ikkje er teke med.

- Eksempelvis vert potetproduksjonen til industri utfordra av import. Dette er produkt vi har gode forutsetningar for å vere sjølvforsynt med. Regjeringa signaliserer at dei vil jobbe vidare med styrking av toll på fleire produkt. Det er positivt, men det hastar.

Importvernet er det som gjer det mogeleg å produsere den maten vi kan produsere her i landet.

- Det må styrkast, no må Regjeringa vakne.

 

Heller føre var enn etter snar

- Eg saknar også eit sterkare økonomisk fokus på løyvingar til førebygging av skred og flaum.

I fylgje Agjeld  opererer vi no etter ordtaket «heller etter snar» når hendingar oppstår. Agjeld refererer til flaumen i 2018, skreda i 2019 og skadane etter «Hans»  i 2023.

- Fokuset må dreiast i retning «heller føre var». Løyvinga i budsjettet for 2024 til NVE sitt arbeid med flaum og skredførebygging er til dømes lågare enn løyvingane i 2016.   Det er ikkje haldbart!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

-