- Det er meir ein livsstil enn ein jobb
Per Severin Hjermann dyrkar både bær, frukt og grønsaker på garden i Lærdal. Det er den beste jobben han kunne hatt.
- Eg ville bli bonde fordi eg tykkjer det er moro. Dessutan er det veldig viktig at me har norskprodusert mat. Om noko skulle skje, er det synd å bli heilt avhengig av import.
Per Severin Hjermann tek i mot Sogn og Fjordane Bondelag heime på garden i Lærdal. Garden har vore i familien sidan 1600-tallet og ligg under den mektige Stødnafossen på nordsida av Lærdalsøyri.
- Sidan eg er født og oppvaksen med gardslivet var det eit naturleg yrkesval.
Auka produksjonen då han overtok
- Eg overtok garden i 2007, sidan då har eg auka produksjonen.
Hjermann fortel at han er heldig. Han får god hjelp av far sin, i tillegg til dei ti sesongarbeidarane frå Polen. Det er mykje som skal gjerast og kveldane vert ofte lange.
- Det er travelt, spesielt i sesongen, men eg kan ikkje klage. Det å vera bonde i Lærdal er noko av det beste som er. Her er det sjeldan problem med for mykje vatn, så me slepp eit problem mange andre har. I staden spring me ofte døgnet rundt for å vatne, men eg føretrekk det framfor store mengder regn.
Må tenkje nytt
- Når ein er bonde, må ein tenkje nytt heile tida. Om ein tenkjer at ting skal vera som det har vore, kan det fort bli slutt.
Hjermann går frå gulrotåkeren til eplehagen. Han fortel ivrig om dei ulike produksjonane. I fylgje lærdølen er arbeidet med han heile døgnet, og tankane kring jobben mange.
- Eg tenkjer på om eg kan forbetre meg, og om eg kan løyse ting på ein anna måte.
- Kjekt
- Me får veldig gode tilbakemeldingar på produkta våre, dei fleste skryt uhemma.
Hjermann lyser opp når han fortel om responsen. Han tykkjer det er motiverande å høyre at folk set pris på maten.
Kva kjenneteiknar grønsakene frå Lærdal?
- Dei er gode på smak, kjem det kjapt frå Hjermann.