Den vanskelege samtalen

- Ver ikkje redd for å spørje naboen om korleis det går når du møter han, sa Oddvar Vignes i kveldswebinaret som Vestland Bondelag tilbydde sine medlemer denne veka.
Vestland Bondelag har det siste året invitert medlemene til webinar på ulike tema. Onsdagskvelden denne veka var temaet "Den vanskelege samtalen". Bonde Oddvar Vignes frå Finnøy i Rogaland var henta inn til å innleie. Sjølv har han kjent på kroppen korleis det er å miste kontrollen over livet. Han kom seg gjennom det og lever i dag eit godt liv som bonde og småbarnsfar på Finnøy.
Utgangspunktet for val av tema var den utfordrande situasjonen som ein del kjenner på i desse dagar med høg kostnadsvekst og uro i verda. Då er det viktig å ha nokon å snakke med, men det er ikkje like lett alltid å vite korleis ein skal ta slike vanskelege samtaler. Oddvar si innleiing var god å lytte til og han fekk gode tilbakemeldingar i kommentarfeltet.
Vossingar samla seg til medlemsmøte med innlagt webinar
På Voss inviterte lokallaget til medlemsmøte for å lytte til Webinaret. Tilbakemeldingane frå Voss var gode. - Eit svært godt webinar, der vi fekk ein god drøs etterpå, seier leiar i Voss Bondelag Grethe Monica Haug. - Me håpar at det å setje fokus på tema gjer at vi klarar å fange det opp om nokon slit, held Haug fram. Medlemsmøtet hadde sjølvsagt god servering med nysteikte lappar, yoghurt spandert av produsentlaget og nypressa eplejuice frå Gjerstad eplehage på Bø i Dyrvedalen.
Vossingar samla til medlemsmøte for å lytte til webinaret.
Fylkeslaget vil invitere til fleire webinar utover hausten og vinteren. Då kan gjerne ideen frå Voss vere ein tanke for andre lokale bondelag å teste ut.