Dei makteslause si makt
- For meg er den setninga dei makteslause si makt ei god skildring av kva samvirke er, sa styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag
Det var ein offensiv styreleiar som heldt ei engasjerande og fagleg opplysande innleiing om samvirke si rolle i norsk landbruk og i norsk landbrukspolitikk. Mange i salen uttrykte seg i svært positive ordelag om innleiinga til Svebestad. Ein svært tydeleg Svebestad sa at utan marknadsordningar vil vi ikkje vere i stand til å kunne ha eit landbruk i heile landet. Svebestad ser heller ikkje føre seg kven som kan gjere ein betre jobb enn Nortura med å regulere marknaden.
Dagens marknadsregulering:
- Sikrar alle bønder i heile landet avsetning og pris for sine produkt innan avtalt ramme (jordbruksavtalen)
- Sikrar forbrukarar og industri i hele ilandet stabil tilgang på norske jordbruksprodukt.
- Med akonkurranse aukar betydningen av at det er samsvar mellom forpliktelsar og verkemidlar for marknadsregulator
Sveinung Svebestad si innleiing finn du i sin heilskap her
Stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel hadde nok både eitt og hitt og lære av innleiinga som styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad (t.h.) heldt i årsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.