Dagsseminar om økonomi i Inn på tunet
Korleis få til ein sunn økonomi i IPT-bedrifta, og betre lønnsemd? Fylkesmannen inviterer til "økonomidag" for Inn på tunet-tilbydarar den 12. mars.
Målgruppa for seminaret er IPT-etablerarar i oppstartsfase, og etablerte IPT-tilbydarar.
For å tilby eit kvalitativt godt Inn på tunet-tilbod over tid, er det viktig at lønnsemda er god og at produktet har rett pris.
Denne dagen skal vi arbeide med økonomi i Inn på tunet-tilbod, og på planen står lønsemd og økonomistyring, marknadsarbeid og prissettting av produkta. Det vert høve til å arbeide med problemstillingar knytt til eiga bedrift/etablering og til å knyte kontaktar med andre IPT-tilbydarar for å utveksle erfaringar.
Tid: Torsdag 12. mars frå kl. 10.00-16.00
Stad: Scandic Sunnfjord Hotel og Spa, Førde.
Kursavgift er kr. 485 per deltakar, og dekker lunsj og opphald.
For meir informasjon og påmelding, klikk på lenkja under: