Vidar er ein ung bonde som satsar på garden, og han driv med storfe, sau, leigekøyring og snøbrøyting. Han har bygd nytt fjøs og treng mykje areal for å få drifta til å gå rundt. Han driver difor jorda på  9 andre gardar. Mange bynære og tettstadsnære bønder må leve med ei usikker framtid for drifta. Omregulering og utbygging til samferdsel og andre føremål er ofte realiteten. Garden til Vidar ligg i eit område som er attraktivt for bygging av ny ringveg aust.

I tillegg til å sikre egen arbeidsplass, held Vidar jorda i hevd for framtidige generasjonar. Dersom den nye vegen gjer at det vert reduksjon i arealet, er det truleg ikkje lønsamt å drive vidare. Då vil jord frå 9 gardar gå ut av drift.

Med dette som bakteppe møttest fylkespolitikarar og bønder til kveldsmat og dialog om bynært landbruk og matberdedskap sett i lys av storbyen sin trong for areal. Styremedlem i Vestland Bondelag, Olav Myhr, innleia om kva må til for å sikre areal til matproduksjon i byen. Kristin Hermansen og Mari Beitnes frå Bybonden i Bergen snakka om verdien av dyrking i byen. Styremedlem Oddbjørn Bratthole og leiar i Bergen Bondelag, Eivind Myrdal, hadde også innlegg.