Brunosten er nasjonalosten
I ei fersk undersøking gjennomført av Norstat på vegne av Opplysningskontoret for Meieriprodukt seier over 70 prosent av dei som er spurt at det er brunosten som er nasjonalosten.
- Det er moro å sjå at vi framleis er så glade i brunosten vår. Osten er unik både med tanke på den nydelege smaken og dei lange tradisjonane. Men det mange kanskje ikkje veit er at brunosten også inneheld mange viktige næringsstoff som jod, sier Ida Berg Hauge, direktør av Opplysningskontoret for Meieriprodukt.
Det finst mange ulike typar brunost. Ostane kan vere basert på mjølk frå ku eller geit eller ei blanding av desse. Brunost har vore laga i Norge i uminnelege tider. Første skriftlege nedteikningar om brunost stammar frå 1646. Hauge trur at mange har eit nostalgisk forhold til brunosten.
- Det er klart at vi er glade i brunosten vår som for mange er sjølve smaken av barndom. Ingenting smakar vel betre enn brunost på nybakt brød eller varme vafler med brunost. At den i tillegg er så næringsrik gjer at ein kan ete den med godt samvit.
Og til slutt ei lita bombe: Brunosten er eigentleg ikkje ein ost.
- Brunosten vert laga ved at myse vert kokt inn og tilsett mjølk eller fløyte. Brunosten er difor ikkje ein ost etter den vanlege internasjonale definisjonen, men ein mysost. Dette fordi den er laga av mysen, ikkje ostemassen, sier Berg Hauge.
Landbruks- og matminister Bård Hoksrud tok seg tid til å marknadsføre brunosten tidleg om morgonen på sjølvaste Oste VM dagen i Bergen
Spørsmål: Kva er Norges «Nasjonalost»?
|
Alle |
|
Menn |
Kvinner |
Brunost |
73 % |
|
74 % |
71 % |
Gulost |
21 % |
|
19 % |
24 % |
Nøkkelost |
2 % |
|
1 % |
2 % |
Gammelost |
2 % |
|
3 % |
1 % |
Pultost |
1 % |
|
2 % |
1 % |
Andre ostetyper |
1 % |
|
1 % |
1 % |