- Oppnemning av Bondevenner er ein fin måte å vise glede over at folk er opptekne av arbeidet vårt som bønder og matprodusentar. Det er bra med merksemd om næringa vår, både samfunnsmessig og oponionsmessig. I så måte framstår  alle våre Bondevenner på ein positiv måte, seier Frøydis Haugen, leiar i Austrheim/Lindås Bondelag, etter "vårsleppet". 
 

Bondevenner i Lindås: Frå venstre: Høgrepolitikar May-Eva Sandvik, Jenfrid Stellberg frå Lune Huler, Runar Hilland, Westland hotell, ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf) og representanten frå Strilen. Representaten frå Nordhordland avis er ikkje med på biletet. Veterinær Nils Skaar og filmregissør Øyvind Sandberg, kunne ikkje være med på markeringa, men har fått utmerkinga på annan måte. Foto: Anne Grete Angelskår.
 

Bondevennene fekk utmerkinga frå scena Høykasting, med Bondevenner som eigna mål
Bondelaga hadde informasjonsstand Lokallagsleiarar i bresjen: Reidar, Frøydis og Roar.
Veterinær Nils Skaar