Under kampanjedagenKristin Eide og Trond Haddeland 10. april var Ullensvang Hagebrukslag tilstades i både Spar Kinsarvik og Spar Nå for å dela ut informasjonsmateriell og brosjyrer frå bondelaget.

Lokallaget fekk også kåra fem bondevenner, som alle er opptekne av norsk og lokal mat: 

Kristin Eide er journalist i Hardanger Folkeblad. Ho har skrive fleire artiklar om landbruket i distriktet, og lokallaget meiner ho har god innsikt i næringa.

Trond Haddeland ved Spar Kinsarvik er dyktig på lokalmat og sal av norske råvarer. Det er alltid godt utval i butikken.

Leif Øie er dagleg leiar ved Hardanger Fjordfrukt, og har gjennom denne jobben promotert frukt frå Hardanger på ein særs god måte.

Marianne M. Aga eig og driv bedrifta Aga Tradisjonsmat, der ho produserer mellom anna bakervarer med lokal forankring, har catering, og lagar tradisjonelle rettar for sal.

Ola K Naa driv Spar Nå og produserer mykje lokal mat sjølv, som han sel i butikken. Han er kjend for si gode hakkasteik, røykjelaks og pinnakjøt.

Tekst og foto: Ullensvang Hagebrukslag