- Det var ein veldig kjekk dag, sa Hordaland Bondelag sin utsending, Bodhild Fjelltveit. Dei besøkjande kunne starte dagen med gratis frukost på torget før dei kunne handle varer hos lokale matprodusener og sjå både kalvemønstring og utstilling av traktorar og diverse reiskap. Den populære høne-bingoen vart også arrangert til stor glede for ivrige bingo deltakarar.

Os Bondelag utnemnte vinnarane av potetkonkurransen frå i vår. Under Vårslepp tidlegare i år delte dei ut settepotet som skulle dyrkast i ein stamp. Den som fekk den beste åkeren og vann konkurransen, var mellom anna Søre Øyane Naturbarnehage.

Les meir på midtsiden.no

Bilete frå Bodhild Fjelltveit.

Leiar i Os Bondelag, Olav Botnevik