Nils T. BjørkeGodt 40 menneske tok vegen til Jordalen skule då Vossestrand Bondelag og
Jordalen Grendalag skipa til bondekafé 30. mars. Veret viste seg frå si beste side, så den berykta Jordalsvegen var ganske så trygg for dei tilreisande.

Gjest var sjølvaste Nils T. Bjørke, som tok for seg den politiske situasjonen me no har med blå-blå regjering, og dei utfordringane me står framfor med Frp-landbruksminister. Men uansett kor store omveltingar Sylvi Listhaug føreslår, lyt dei få fleirtal i Stortinget. Listhaug er flink til å finna fram til bøndene som har kapasitet til å produsera meir, og gi inntrykk i media at den norske bonden tenker ein ting, landbruksorganisasjonane noko anna.

Med tanke på jordbruksoppgjeret og utfallet av det, meinte Nils at det vert ein spanande vår. -Bondelaget håpar på avtale, men me må vera førebudde på brot, med påfyljande aksjonar, sa han. -Brotet for to år sidan var heilt avgjerande for at me skulle få ei utvikling i rett retning. Den blå-blå regjeringa vil også auka matproduksjonen i takt med folkeveksten. Det er måten dei vil gjera det på som ikkje er spesielt overbevisande!

Spørsmål og kommentarar frå forsamlinga vart det også tid til, blant anna om samdrifter. -Du lyt vera meir kritisk når du vel deg samdriftspartnar enn når du vel deg ektemake – men eg har no vore heldig, sa Nils!

Kari Mørkve Jordalen

Leiar i Jordalen Grendalag, Kari Mørkve Jordalen, fortalde om arbeidet i grendalaget, som om få veker feirar 5-årsjubileum. I 3 av desse åra har dei hatt eit LivOGLyst-prosjekt, som bl.a. skal tilrettelegga for turisme og nye innbyggarar i dalen når den nye vegen kjem om eit par år.

Rundstykker og kaffi høyrer med, og folk såg ut til å kosa seg i den vesle skulestova, som sist haust hadde over 90 betalande på konsert med Ola Bremnes, og det var sitjeplass til fleire!

Bondekafé ser ut til å vera populært, og planlegginga av neste sesong er i gang!

Tekst og bilete: Trond Olav Neteland, leiar i Vossestrand Bondelag

Nils T. Bjørke om landbrukspolitikken til den nye regjeringa

Mange tok turen til tross for den berykta Jordalsvegen