Det var i samband med årsmøtet i Kvinnherad bonde- og småbrukarlag Elisabeth Eide Tharaldsen (FrP) og Øyvind Utne (H) var inviterte for å orientere om regjeringserklæringa frå FrP og Høgre, skriv Kvinnheringen i papirutgåva 7. februar. Vidare kan dei fortelje at lokale bønder bombaderte politikarane med spørsmål om mellom anna priskontrollen og jordbruksoppgjeret.

Det kan sjå ut som det i hovudsak var tillitsvalde i bondelaget som stilte spørsmål. I teksten er det referert til både Kjetil Mehl frå fylkesstyret i Hordaland Bondelag, Olav Hjetland Bringedal,  leiar i Uskedalen Bondelag og Tore Eikeland, leiar i Omvikdalen Bondelag.

Det syner god aktivitet og høgt kunnskapsnivå hos dei tillitsvalde. FrP-representanten kunne ikkje svare på alle spørsmåla, men lova å ta dei med seg vidare.

På årsmøtet til Hordaland Bondelag 14-15. mars får vi besøk av politikarar frå både Venstre og Høgre. Vi reknar med at dei tillitsvalde har førebudd mange spørsmål til den tid.

Tore Eikeland og Kjetil Mehl med Elisabeth Eide Tharaldsen. Klipp frå Kvinnheringen